Vedtekter

Vedtekter

Fonnes Bygdelag

1. Fonnes bygdelag

Fonnes bygdelag vart stifta 26 februar 2013. Bygdelaget er ein sjølveigande organisasjon.

2. Føremål

Fonnes bygdelag skal være eit fellesorgan for lokalbefolkningen.
 Laget skal arbeida aktivt for å skapa aktivitet og trivsel I området. Målet vårt er at bygda skal være attraktiv og god å bu i, både for barn og voksne.

3. Arbeidsfelt

Fonnes bygdelag skal væra eit forum og ein pådrivar for utvikling av nye idear og gjennomføring av prosjekt, stimulere til økt næringsutvikling. Utvikle nye trivselstiltak, opptre som lokalsamfunnets felles interesseorganisasjon og talerør.

Påverke lokale myndigheiter ut frå lokalsamfunnet sine interesser. Være rådgjevande organ og pådrivar for ei framtidsretta og bærekraftig utvikling av området.

Medlemskap

Alle i bygda er automatisk medlem i bygdelaget. Medlemmer over 15 år, har stemmerett på årsmøte.
Alle vedtak og val i bygdelaget sine organ blir avgjort med simpelt fleirtal.

4. Årsmøtet

Årsmøtet er bygdelaget sitt høgste organ, og skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Årsmøtet skal innkallast med minst 1 månads varsel og kunngjerast på bygdelaget og kommunen sine heimesider og med plakatoppslag. Forslag til årsmøtet må være styret i hende seinast 2 veker før årsmøtet.

Seinast 1 veke før årsmøtet skal styret offentleggjere saksliste. Det skal skrivast årsmøteprotokoll.

Myndigheit og oppgåver til årsmøtet:

  1. Årsmøteopning av leiar
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste.
  3. Konstituering – val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteprotokoll.
  4. Årsmelding.
  5. Årsregnskap.
  6. Vedtektsendringar
  7. Innkomne saker.
  8. Val av leiar for 1 år.
  9. Val av 6 styremedlemer for 2 år, der 3 er på val kvart år. Valg av 1 varamedlem for 2 år. Styret konstituerer seg sjølv med referent , rekneskapsførar og nestleiar
  10. Val av valgkomite
  11. Val av 2 revisorar for 2 år, der ein er på val kvart år.

Signaturrett

Det er leiar og rekneskapsførar som har signaturrett på vegne av bygdelaget.

5. Ekstraordinære årsmøter

Ekstraordinære årsmøter holdes når styret bestemmer det, eller minst ein tredjedel av de stemmeberettigede medlemmene krever det.

Det innkalles på samme måte som for ordinære årsmøter med minst 14 dagers varsel. 

6. Styret

Styret skal ha 7 medlemer.
Styret er vedtaksført når minst 4 av styremedlemmene er til stades.
Ved likt stemmetal i styret, har leiaren dobbelstemme. I styret bør begge kjønn være likt fordelt og hvis mulig representere alle aldersklasser.
I styret er det leiaren og eit styremedlem i fellesskap som har signatur.
Møtereferat og vedtak skal vera opne for innsyn såfremt da ikkje kjem inn under paragraf 7.

Styret kan oppnemne dei prosjektgrupper og undergrupper det finn nødvendig.

7. Teieplikt

Den som i sitt arbeid for Fonnes bygdelag, får innsyn i saker som krev konfidensiell behandling, har teieplikt om dette.

8. Oppløysing.

Vedtak om oppløysing av bygdelaget må skje på to ordinære årsmøte av minst 2/3 av dei frammøtte med stemmerett. Dersom laget ikkje vert starta opp igjen innan 3 år, skal verdiar som er i eige av bygdelaget  løyvast til føremål som vil komma Fonnes bygda og dens innbyggere til gode.

Det er til ein kvar tid leiar av bygdelaget og rekneskapsførar har signaturrett på vegne av bygdelaget

Redigert paragraf 2, 3 og 4 (pkt 9) I vedtak på årsmøtet 24 mars 2021

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *