Invitasjon-til-erasmus-mobilitetsprosjekt1
LivOGLyst-programmet som har som føremål å stimulere lokal utviklingskraft på ein systematisk og langsiktig måte. Bak satsinga står Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Innovasjon Norge Hordaland.
Vårt prosjekt
Nordre Fonnesvågen har ein lang tradisjon som hamn, men det er i dag lite aktivitet retta mot ålmenta i dette gamle sentrumet. Staden har likevel stort potensiale. Målet er betre trivsel, sterkare identitet og meir aktivitet.
Målgruppa for prosjektet er innbyggjarane i området ved og rundt Fonnesvågen, og det er skilt ut ei rekkje tiltak og idear som ein vil arbeide vidare med:
Tiltak
1. Mobilisering:
• Opprette eit bygdelag for å mobilisere innbyggjarane og organisere prosjektet.
• Prioritere tiltak for å trekke med ungdom.
2. Kystkultur:
• Utvikle den årlege Fonnesdagen til ein kystkulturfestival frå fredag til søndag som ein møtestad for alle på kryss av generasjonane. Dette føreset eit variert og spennande program retta inn mot dei ulike målgruppene.
• Etablere eit kystkulturmuseum/samling og setje opp informasjonsskilt på dei historiske bygningane i samarbeid med Austrheim kyst- og sogelag. Det vil vere eit viktig identitetsskapande tiltak for å Vise kystkultur for den oppveksande slekt, synleggjere Fonnesvågen sitt yrande liv for 40 år sidan og kva det innebar for dei som budde der då.
etablering av atelier og galleri.
• Samarbeide med Austrheim Kunsthus om kunstprosjekt, og eventuell
3. Møtestad/næring:
• Arbeide for etablering av bakeri/café/serveringsstad i eit av dei gamle bygga, mellom anna gjennom samarbeid med Nordhordland næringshage.
Bakgrunn og prosjektmål
Ein gong var det sardinfabrikk, bank, post, trygdekontor, bank, bakeri, to butikkar, dampskipskai og bussmøteplass her, men i dag er det lite aktivitet retta mot ålmenta. Unntaket er den årlege Fonnesdagen, då det er eit yrande folkeliv nede på kaien i dette gamle sentrumet. I gamle bygningar ligg det likevel eit potensiale for å få inn ny aktivitet. Dette gjeld mellom anna den eine av dei gamle butikkane, det gamle bakeriet og 1-2 gamle sjøbuer. Den årlege Fonnesdagen vert arrangert av ein komité på 4-5 eldsjeler, som også står bak denne søknaden. Tanken er å utvikle dette til noko meir enn ein dag i året ved å mobilisere innbyggjarane, skape møteplassar og få nytt liv i eit tradisjonsrikt kystmiljø. Det er viktig å gjennomføre prosjektet for å skape betre miljø og samhald i bygda ved å setje i gong med eit spennande utviklingsprosjekt som kan skape eit felles engasjement.
Prosjektmål
Det overordna målet med prosjektet er betre trivsel, meir aktivitet og meir nyskaping. For å lukkast med dette vil ein freiste å mobilisere innbyggjarane, skape møteplassar og få inn ny aktivitet i historiske bygg.